Opprette ny verksemd
-
Du treng organisasjonsnummeret til verksemda, registrert i Brønnøysundregistera (BRREG)
-
Klikk på menyknappen «Brukarinnopplysninger» og deretter knappen «Registrera verksemd»
-
Oppgje organisasjonsnummer, klikk «enter» og vent litt. EMS hentar automatisk opplysningar om namn og adresse frå BRREG
-
Skriv inn obligatoriske felt merka med *
-
Få meir informasjon for nokre felt ved å halde markør over tipssymbolet
-
Det er viktig å merkje dei relevante opplysningar om type verksemd og aktivitetsområde i den nederste seksjonen på sida der disse er organisert i trestrukturar
-
Dei markerte vala vert lista på høgre side i seksjonsfeltet
-
Klikk lagre og du rutast til oppsummeringsida «Oversikt mi verksemd» under menyen «Mi verksemd»
-
På oppsummeringssida vert det gitt ein hierarkisk organisasjonsstruktur på venstre side og meir detaljinformasjon om verksemda på høgre side
-
Vald node i organisasjonsstrukturen (venstre side) er markert med eit grønt felt over det aktuelle namnet og frå denne noden kan du og gjera endringar og val. Å flytte til ein annan node gjerast ved å klikke på ynskt node
-
Nederst på venstre side er det to kommandoknappar, «Opprett avdeling» og «Opprett rom/plassering»
-
På høgre side er det òg kommandoknappar for å «Redigera» informasjon, «Legg til ny brukar» og knappar for å administrere brukarroller samt ein «Lagre»-knapp for å lagre endringar som er gjord.
